Gullsmed Vinjerui as
Gullsmed Vinjerui blei etablera i 1911, eigast og drivast av Nora Vinjerui, 4. generasjon gullsmed og hennar tilsette Alvilde, som er ansvarleg for nettbutikk og sosiale medie. Saman ynskjer vi å skape ein spennande butikk med det «vesle ekstra». Hos oss utfordrar det utradisjonelle det tradisjonelle, og innimellom bunadsylv og sylv finn du nyheitar innan designsmykker, skjerf, vesker, ulltøy, interiør og anna flott du enkelt kan klikke heim. Vi fører eit stort utval frå Skandinaviske leverandørar og noko av det finn du her i nettbutikken.
Vi held til på Dalen i Telemark, og har åpent; mandag-fredag kl. 9.00-16.30 og lørdag kl. 10.00-14.00. Her kan du besøke oss i butikken og oppleve alt det vi og Dalen har å tilby. Vår gullsmedbutikk har eiga interiør avdeling og verkstad med produksjon av tradisjonelt bunadsylv.